Båtplassar i Grønavikjo

Slide_baathavnDersom du ynskjer å sikra deg fast plass kan du kjøpa båtplass med innskot og årsleige. Det er og mogeleg å leiga båtplass for ein periode, men ein må då vika plassen dersom det kjem påmelding med innskot og øvrige plasser er opptekne.

Ein vil kunna tilby båtplassar i desse storleikane:

3 meter bredde, 6 meter utrigger
3,5 meter bredde, 6 meter utrigger
3,5 meter bredde, 8 meter utrigger
4 meter bredde, 8 meter utrigger
5 meter bredde, 10 meter utrigger

Oppgitt bredde er cirkamål og gjeld senteravstand på utriggarar/fortøyningsbom. For å få netto lysmål på båtplassen må ein trekkja frå ca. 60 cm.

Bestilling av båtplass kan du gjera via skjema , eller ta kontakt direkte – sjå opplysningar under kontakt oss.

Utleige av boder til oppbevaring

Me tilbyr utleige av boder i båthavna, der du kan oppbevare motor, redningsvestar og anna båtutstyr.

     

Ta kontakt med Frode Fitjar, tlf: 90 12 02 81, for storleik og prisar.