Området rundt og aktivitetar

Send forepørsel

Samtykke

Området byr på varierte tilbud, naturopplevingar og aktivitetar, både på sjøen og på land.

Badestrender

I Port Steingard finn du to badestrender – ei ved PS Bryggekafé og ei nord for stolpehusa og fiskestovene. I tillegg ligg det eit friområde med gapahuk og strand på austsida av vegen. Alle strendene er langgrunne og godt tilrettelagde for barnefamiliar.

Kråko Spiseri

Eit viktig steg vidare i utviklinga var næringsbygget som i dag rommar Kråko Spiseri, mikrobryggeriet ELØ og Fitjar Islands.

Mikrobryggeriet En Liten Øl vart etablert i 2015 og har opplevd stor vekst. Dei har fått fleire prisar for produkta sine og tilbyr både utsal og ølsmaking i samarbeid med spiseriet.

Fitjar Islands produserer såper og barberprodukt inspirert av kystnaturen rundt Fitjar. Her kan besøkande både oppleve produkta og handle direkte. Meir info på Facebook

Lokal golfklubb på Stord

Stord har golfbane! Ein 9 hulls parkbane. Banen er open heile året, sommargreen med forbehold om frost. Drivingrangen er open.  Du kan kjøpa kort for bruk av drivingrangen. Du må bestille starttid i golfbox før du kan gå ut. Dette kan du gjera med ein app som du hentar ned frå din appstore.

Meir info her

Flotte turområder

I området rundt Kråko på Fitjar på Stord finn du flotte turmoglegheiter både i skog og fjell. Her kan du gå tur langs vegar og stiar, eller utforske terrenget med utsikt mot sjø og skjergard. Området eignar seg godt for både korte turar og lengre opplevingar i naturen, og gir gode høve til å kombinere friluftsliv med ro og naturnære opplevingar.

Send forepørsel

Samtykke